Klasse B,
BE og B96
Bonsaksen Trafikkskule på Voss har losa generasjonar av trygge elevar gjennom førarprøven.
Velkomen til eit moderne og effektivt læringsmiljø!
Bonsaksen Trafikkskule gir deg trygg og målretta opplæring i eit godt læringsmiljø, med erfarne og motiverte lærarar som fylgjer deg heile vegen. Me held til i Skulegata 9 på Voss og tilbyr opplæring i klassane B, BE/B96 og AM146. Målet vårt er at du skal læra effektivt, kjenna deg trygg bak rattet og vera godt førebudd til førarprøven.

Lær og øv med film
Med MYS (Make Yourself Safer) lærer du det vanskelege på ein enklare måte. Instruktive video-leksjonar tar for seg alle viktige situasjonar du møter som trafikant, og lærer deg å takla dei på rett måte.
Kjøp tilgang til 45 opplæringsvideoar som er gruppert på ulike tema. Bruk dei aktivt for å vera førebudd til køyretimar, for å bli ein tryggare sjåfør, og for å gjera vegen til førarkortet enklare!


